I løpet av månadane september og oktober 2010 pussa vi opp vaskerommet i kjellaren. Før vi starta på prosjektet var vaskerommet prega av ein mangelfull vegg inn mot sommarkjellaren, samt opprusta jarn-rør til avløp og kloakk gøymde under sementgolvet. Taket bestod av golvborda frå 2. etasje lagt over takbjelkane. Vi starta med å slå opp betonggolvet både på vaskerommet og i delar av sommarkjellaren. Gamle jarnrør vart erstatta med "-rør i plast, frå taket og ned i golvet på vaskerommet, samt under golvet frå vaskerommet og ut i kloakktanken gjennom sommarkjellaren. Vi isolerte med ... cm isopor og støypte nytt golv.
Den gamle varmtvasstanken vart bytt ut med ein ny 200-liters tank. Då vi skulle tøme den gamle tanken for vatn, såg vi at sikkerhetsventilen var plugga att. Ikkje heilt trygt vil vel dei fleste seie :) No kan vi sove godt om natta med ein ny varmtvasstank med fungerande trykkventil.
Ein morgon vinteren 2009? var eg og Andreas inn i nyehuset og åt frukost med svigerforeldra mine. Då vi nærma oss slutten på måltidet spurde svigerfar om vi let vatnet stå og sildre no når det var så kaldt ute. Nei, det hadde vi ikkje tenkt på, men vi hadde no vatn enno. Vi takka for tipset og tusla utatt for å sette på vatnet. Men iløpet av den korte morgontimen vi hadde brukt på søndagsfrukosten, var vatnet inn til gamlehuset frose. Iherdig innsats med varmepistol og byggtørke til tross, vassrøra ville ikkje tine igjen. Slik gjekk det til at vi måtte greie oss 3 månadar utan vatn. Det gjekk i papp og plast, samt dusjing i nyehuset. Den første måndaden var kloakkavløpet ope, men då også det fraus til, byrja ein verkeleg å glede seg til våren. Det vart eit fast rituale at vi skrudde på krana på badet kvar morgon i håp om at i dag var dagen då vatnet ville byrje å sildre att, men den gong ei. Ein natt tidleg i mai drøymde eg at vi fekk att vatnet. Andreas stod opp, gjekk på badet og skrudde på krana slik som vanleg, og jammen kom ikkje det vatn ut av springen :) Ser ut til at eg kanskje er sanndrøymt når det passar seg :)
Seinare viste det seg at brønnen var tom for vatn. Vi bestemte oss difor for å legge om vassinntaket til ein brønn som låg litt lenger nede. Frå denne brønnen vart fallhøgda inn mot gamlehuset for lita, og vi måtte invistere i vasspumpe for å få nok trykk til å pumpe vatnet rundt i huset.
Golvet ferdig opphakka og nye plastrør komne i jorda.
Golvet ferdig grusa og retta. Klart for isopor og sement.
10 cm isopor og armering.
Golvet ferdig støyt og måla med to strøk epoxy-måling.
Ny varmtvasstank og vasspumpe.
Andreas laga lydisolert deksel til vasspumpa på Nomek.
Det ferdige resultatet:
Veggane er måla i fargen caffe latte.












Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar