Dei siste åra har eg fått ein lidenskap for fotobøker. Fotobøker eignar seg godt til å dokumentere livets små og store hendingar som har lett for å bli liggande i ei mappe på dataen om ikkje. Fotoalbum har ikkje vore mi sterke side sidan åra på ungdomsskulen, noko som har resultert i at bileta frå dei siste 10 åra ligg trygt lagra på datamaskina (Og på utallige harddiskar og nettskyer rundt om kring - Kvakken er ein backupekspert - takk og pris :) ) Unntaket er dei bileta som er blitt til fotobøker då :) Det å skrive blogg har vist seg å vere eit særdeles godt utgangspunkt for å lage fotobok, nedskriving av tankar og sortering av bilete litt etterkvart har lett for å gi litt meir kjøt på beina (Eventuelt litt fleire sider i boka). Så difor er eg igong igjen. Oppussing av gamlehuset i Velom vert temaet denne gongen. Eg og Andreas har budd ilag i gamlehuset sidan 2006, Andreas nokre år åleine før den tid. Sidan den gong har huset sakte men sikkert endra seg, både utanpå og inni. Vi er ikkje av dei kjappaste, men det har vist seg at når vi tek tida til hjelp, får vi til litt av kvart :) Læringskurva går jamt og trutt oppover, og så lenge pausene mellom prosjekta vert solide nok, går det ganske så radigt unda når vi først set i gong:)
På denne bloggen vil eg prøve å dokumentere prosjekta vi syslar med langsmed, samt prosjekta vi allereie er ferdige med. Eg har og lyst å skrive ned litt av historia til huset, kven som har budd her og andre ting eg finn relevant og spennande. Sidan vi allereie har putla på med små og litt større oppussingsprosjekt i snart 7 år, vil innlegga ikkje nødvendigvis kome kronologisk, men det ser vi etterkvart. Motivasjonen bak bloggen er å dokumentere litt av historia til huset for vår eigen del, men kanskje vel så mykje for dei som vil fylle stovene med latter etter vår tid. Håpar også du kan finne glede av å kike innom bloggen frå ei tid til anna.
- Anne

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar